§ 1 FØREMÅL
Hordaland barnevernsamband er ei samanslutning av offentlege og private organ som vil arbeide for å bedre barn sitt oppvekstmiljø, og som vil styrke barne- og ungdomsvernet i fylket.
§ 2 MEDLEMSKAP
Medlemar er kommunar, fylkeskommune, barneverninstitusjoner samt organisasjonar med ansvarsområde i tråd med førmålsparagrafen. Landsomfattande organisasjonar vert representert av sitt fylkeslag. Hordaland barnevernsamband er tilslutta Norsk barnevernsamband. Søknad om medlemskap blir vurdert og avgjørt av styret. Ved dissens skal søknaden leggjast fram for årsmøtet.
§ 3 ARBEIDSOPPGÅVER
a) Gi rettleiing og skulering til medlemsgruppene gjennom faglege møte om aktuelle spørsmål vedkomande barne- og ungdomsvern for å auka kunnskap og forståing om temaet.
b) Medverke til god kontakt og positivt samarbeid innan barne- og ungdomsvernet i fylket.
c) Spre opplysning om oppveksvilkåra til barn og ungdom i fylket.
d) Avgi uttale om saker barnevernsambandet sjølv ønskjer å ta opp og som har offentleg interesse, samt saker som andre ønskjer at barnevernsambandet skal uttale seg om.
e) Delta i norsk og internasjonalt samarbeid om barnevernspørsmål
f) Ta initiativ til løysing av felles, konkrete saker innan barnevernet i fylket
§ 4 REPRESENTASJON
Medlemsorganisasjonene vel utsendingar med røysterett til årsmøtet i Hordaland barnevernsamband etter følgjande fordeling:
Halvparten av utsendingane frå kommunar bør vere folkevald. Alle kommunane har 2 utsendingar med røysterett. BUFETAT, regionskontoret, har 2 utsendingar og tiltak i BUFETAT regi har 1 utsending kvar. Bergen kommune har til saman 13 utsendingar med røysterett; 1 utsending frå kvar bydel (8), 1 utsending frå sentraladministrasjonen og 4 folkevalde. Andre medlemsorganisasjonar har 1 utsending kvar med røysterett.
§ 5 KONTINGENT
Kvar medlemsorganisasjoner betalar ein kontingent som vert å fastsetje av årsmøtet i høve til folketalet for kommunane sin del. Årsmøtet fastset ein minimumskontingent for andre medlemar etter fremlegg frå styret. Kontingenten skal betalast kvart år før årsmøtet. Det er ein føresetnad at medlemane ber kostnadane for sine utsendingar.
§ 6 ÅRSMØTET
Årsmøtet vert halde i 1. kvartal av kalenderåret med innkallingsvarsel på minst 1 måned. Sakslista skal følgje innkallinga. Årsmøtet skal behandle:
a) Årsmelding
b)Revidert regnskap frå året før
c) Budsjett for inneverande år
d) Kontingent
e) Forslag til lovendringar
f) Innkomne saker som må liggje føre seinast 14 dager før årsmøtet
g) Val av leiar og nestleiar
h) Val av styre
i) Val av valnemnd på 3 medlemar til neste val
j) Fråsegner frå årsmøtet
Valnemnda leiar møtet under pkt. G og H. Regneskapen vert revidert av statsautorisert revisor. Vedtak vert gjort med vanlig flertal.
§ 7 STYRET
Hordaland barnevernsamband har eit styre med leiar, nestleiar og 5 styremedlemer. Leiar og nestleiar skal velgjast ved særskilt val for 2 år om gongen. Styret vert vald for 2 år om gongen, men slik at 3 styremedlemer vert valde kvart år. Det skal velgjast 3 vararepresentantar til styret. Vararepresetantane vert valde for 1 år om gongen. Møteinnkalling sendes også til vararepresentantane. Styret bør ha breiast mogleg samansetjing. Representasjon av folkevalde og tilsette må sikrast. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 3 av medlemane er til stades.
§ 8 TILDELING AV STATUETT
Styret kan annankvart år tildela ein statuett «Herdis» som påskjønning til aktive einskildpersonar eller organisasjonar som gjennom sitt arbeid i Hordaland på ein særleg måte har bidratt til å nå målsettingane i fylkessambandet. Einskildmedlemar/organisasjonar kan kome med forslag til kandidatar. Styret avgjer om statuetten kan tildelast. Tildeling skjer på årsmøtet.
§ 9 LOVENDRINGAR
Framlegg om lovendring skal vere styret i hende seinast 3 månadar før årsmøtet. Styret skal handsama framlegget og sende det til medlemane seinast 2 månadar før årsmøtet. Vedtak om endringar kan så gjerast på det første årmøtet om 2/3 av dei røysteføre på møtet røystar for det.
§ 10 OPPLØYSING
Oppløysing av organisasjonen kan gjerast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal. Eventuelle aktiva vert i fall å overføra til Norsk barnevernsamband.
Disse vedtektene vart sist endra etter vedtak på årsmøtet 31. mars 2011.
Hordaland Barnevernsamband
Copyright @ All Rights Reserved